Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$transient_time is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 12

Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$reg_ex is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 13
Kunnskapsfilm - Økosystem i endring - Kunnskapsfilm

Økosystem i endring

Klimaendringane vil påverke økosystem over heile verda, og endringane vil vere sterkast i Arktis. Her ser vi allereie tydelege konsekvensar som varmare hav, smeltande havis, auka planktonproduksjon og forflytting av artar. På sikt kan dette føre til alvorlege konsekvensar som vi i dag ikkje har full oversikt over.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Kva er eit økosystem?

  • 2.

    Gi døme på fem økosystem.

  • 3.

    Kva for dyreartar er typiske for arktiske økosystem?

  • 4.

    Kva trur du skjer med økosystema i Arktis når temperaturen aukar?

Læreplan

Naturfag, etter 10. årstrinn

Mangfald i naturenUndersøkje og registrere biotiske og abiotiske faktorar i eit økosystem i nærmiljøet og forklare samanhengar mellom faktorane.

Mangfald i naturen – Observere og gi døme på korleis menneskeleg aktivitet har påverka eit naturområde, undersøkje ulike interessegruppers syn på påverkinga, og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Samfunnsfag, etter 10. årstrinn

Geografi – Undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

KRLE, etter 10. årstrinn

Filosofi og etikk – Drøfte verdival og aktuelle tema i samfunnet, både lokalt og globalt: sosialt og økologisk ansvar, teknologiske utfordringar, fredsarbeid og demokrati.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling – Undersøkje ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål, og drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Stråling og radioaktivitet – Gjere greie for nokre mogelege konsekvensar av auka drivhuseffekt i arktiske og lågtliggande område, og drøfte eitt aktuelt klimatiltak.

Biologi 2

Økologi – Forklare korleis økosystem kan endre seg over tid, og knyte det til klimaendringar og andre miljøproblem.

This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.