Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$transient_time is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 12
Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$reg_ex is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 13 Kunnskapsfilm - Jakta på kvalitet - Kunnskapsfilm
Korleis vil du utføre bløgging? Kvifor er bløgging viktig?
2.
Kva er det viktig å ta omsyn til når fisk skal sløyast?
3.
Kva legg du i begrepet «kvalitet»? Finns det objektive kvalitetskriterium?
4.
Kva kvalitetskrav vert stilt til fersk fisk og til fisk som skal frysast?
5.
Korleis kan du bidra til kvalitet på arbeidsplassen din?
6.
Gi eksempel på korleis pris og kvalitet på sjømat heng saman.
7.
Finn ut kvifor ein stressa fisk gir dårlegare kvalitet på fiskekjøtet.
8.
Korleis vil du sjekke kvaliteten på varene hjå ein fiskehandlar?
Omgrep
Dødsstiv (rigor mortis): Ein stivleik som kjem gradvis dei første timane etter døden. Blodsirkulasjonen stansar, nedbrytingsprosessane begynner, mjølkesyre blir danna, og musklane blir stivare og stivare.
Fiskevelferd: God fiskevelferd er ein viktig føresetnad for god fiskehelse, låge dødstal, god kvalitet, godt omdømme og god lønsemd. Fiskevelferd er særleg knytt til oppdrettsverksemd og blir regulert gjennom ei rekke forskrifter.
Stressa fisk: Transport, trenging og pumping av fisk kan føre til stress. Stress hjå fisk fører mellom anna til høgare nivå av kortisol, glukose og mjølkesyre. Laks som blir stressa før slakting, får kortare haldbarheit fordi fiskekjøtet har auka bakterievekst og raskare utvikling av uønska smak og lukt. Dei negative konsekvensane av stress er større for rå enn for kokt laks i følgje forskarar frå Nofima.