Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$transient_time is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 12
Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$reg_ex is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 13 Kunnskapsfilm - Mel - Frå råvare til produkt - Kunnskapsfilm
Denne filmen viser korleis mjøl blir produsert på ei mølle. Deretter får vi sjå eksempel på handverks- og industribaking, kva konditoren gjer i eit handverkskonditori, og kva som blir gjort i eit stort konditori.
Oppgåver
1.
Beskriv kvifor det er viktig med kveitemjøl viss vi skal lage luftig gjærbakst.
2.
Kva er dei viktigaste skilnadene frå handverksbedrifter til industribedrifter når det gjeld bakeri og konditori?
3.
Beskriv utfordringar ein person med cøliaki kan møte i kvardagen når det gjeld mat.
4.
Kva ligg i omgrepet utmalingsgrad? Gje eksempel på produkt med ulik utmalingsgrad.
Fordjupningsoppgåver
1.
Ta deg ein tur på butikken og sjå på ulike bakarvarer. På kva produkt finn du ei grovheitsskala? Sjå på ingredienslista på eit par av dei grovaste produkta du finn og eit par av dei finaste, og drøft kva ingrediensar som er avgjerande for dei ulike produkta sine eigenskapar.
2.
Forklar kva som skjer med gluten i bakeprosessen frå elting til du har eit ferdig steikt produkt.
3.
Prøv gjerne å lage ein kveiteloff som du lagar etter rett framgangsmåte, og ein der du berre blandar ingrediensane saman utan elting. Steik brøda, og beskriv skilnader og ulikskap. Forklar kvifor produkta er ulike.
Rasking:Dette er hevingsprosessen som skjer etter at bakverket er forma og før det skal steikjast. Dette skjer i raskeskap med styrt temperatur og fuktigheit. Modifisert atmosfærepakking (MAP):Dette er ein pakkemetode der naturleg luft blir erstatta med ei ønskt gassblanding. Metoden blir brukt for å auke haldbarheita på produkta. Dette skjer gjennom å fjerne oksygen, som er ein av vekstvilkåra for mugg. For mange produkt kan tilsetjing av CO2 hemme andre næringsmiddel-øydeleggande mikroorganismar. Metoden blir brukt berre for langtidsholdbare produkt. Farinogram:Resultatet av ei måling av mjølets proteininnhald. Oppslag:Bearbeiding og forming av deigemna til produkt.