Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$transient_time is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 12

Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$reg_ex is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 13
Kunnskapsfilm - Del 1 - Lillian - Kunnskapsfilm

Del 1 – Lillian

Ein liten jentegjeng står i gangen på skulen og diskuterer kva film dei skal sjå på pizzakvelden i kveld. Litt bortanfor gruppa står Lillian. Ho våger forsiktig å delta, og ender opp med å bli invitert på pizzakvelden. So dukker Lillians veninne Kedy opp. De to veninnene har og ein avtale denne kvelden. Lillian strever med å finna ut kva ho skal gjera. Ho vil so gjerne på pizzakvelden, men vil ikkje såra Kedy. Skal ho ljuga om avtalen for å unngå å såra ho?

Innlest_lyd_bokmål
Innlest_lyd_nynorsk

Oppgåver

  • 1.

    Kva skjer i filmen? Kva legg de merke til?

  • 2.

    Kan du kjenna deg igjen i filmen? Har du opplevd liknande situasjonar?

  • 3.

    Korleis trur du Lillian har det?

  • 4.

    Er dette ein daglegdags situasjon? Er det noko som skjer ofte på skulen din? Kva er eventuelt annleis?

  • 5.

    Kva tenkjer de om situasjonen?

  • 6.

    Lillian må forhalda seg til ulike relasjonar. Det er annleis for ho å snakka med jentegjengen enn med Kedi. Korleis trur de det er for ho?

This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.