Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$transient_time is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 12

Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$reg_ex is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 13
Kunnskapsfilm - Lyssetting og lydopptak: Én sjanse! - Kunnskapsfilm

Lyssetting og lydopptak: Én sjanse!

Når ein gjer opptak til ein dokumentarfilm eller ein realityserie, er det ofte ikkje mogleg å gjere fleire opptak av ei scene. Fotografen og lydteknikaren må følgje det som skjer. Ein har berre éin sjanse.

Med denne typen opptakssituasjon blir førebuingar, planlegging og lesing av manus ekstra viktig. Kva klede og utstyr bør ein ha på seg? Er det mogleg med befaring? Kan ein utnytte lyskjelder på opptaksstaden? Kva ønskjer regissøren skal vektleggast i filmen?

På slike dokumentaropptak skifter scena fort. Då er det heilt nødvendig at fotografen og lydteknikaren samarbeider effektivt og kommuniserer med kvarandre utan å prate.

Oppgåver

  • 1.

    Arranger eit dokumentaropptak i ein uoversiktleg situasjon og/eller på eit vanskeleg staden der fotografen og lydmannen trenar på å samarbeide utan å kommunisere med ord.

  • 2.

    Til dømes kan ein filme i eit klasse- eller baserom der det skjer ei tenkt dramatisk situasjon der fleire av dei som blir filma, beveger seg rundt i rommet. Fotografen og lydmannen må bevege seg mellom pulter, bord og stolar og prøve å vere med i situasjonen ved å filme nærbilder av «skodespelarane».

This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.