Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$transient_time is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 12
Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$reg_ex is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 13 Kunnskapsfilm - Biobankar - Kunnskapsfilm
Det blir tekne enorme mengder biologiske prøver, som frø, blod, sæd eller kroppsvev, som blir lagra i store biobankar. Det er ein gullreserve for kommande generasjonar.
Oppgåver til filmen
1.
Kva blir lagra i det globale frøhvelvet på Svalbard? Kvifor er det oppretta, og kvifor er det plassert på Svalbard?
2.
Tenk deg at nokon vil forske på biologisk materiale frå deg som ligg lagra på eit sjukehus. Ønskjer du å bli spurt før forskarane går i gang, eller er det tilstrekkeleg for deg at forskingsprosjektet er godkjent av ein etisk komité? I kva tilfelle ønskjer du å bli kontakta?
Fordjupingsoppgåver
1.
Skal biologisk materiale frå deg kunne lagrast òg etter din død? Mener du at familiemedlemmene dine bør spørjast før forskarar kan undersøke genane dine etter din død? Skal familiemedlemmer kunne be om at genane dine blir undersøkt for disposisjon for arveleg sjukdom?
2.
Dersom forskarar finn ut at du vil kunne utvikle ein sjukdom – vil du vite det? I kva tilfelle ønskjer du å bli kontakta?
3.
Tenk deg at du er ein lege som ønskjer å bygge opp ein biobank med blodprøver frå pasientar og deira familiar for å leite etter arvelege årsaker til eggstokkreft. Diskuter kva du bør passe på når du lagar ein slik biobank med biologisk materiale frå desse pasientane og deira familiar?
4.
Politiet har ein eigen biobank med biologisk materiale frå ei rekkje menneske. Kven er registrert i denne biobanken, og korleis blir den brukt?