Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$transient_time is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 12

Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$reg_ex is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 13
Kunnskapsfilm - Bioteknologiskolen - Kunnskapsfilm

Bioteknologiskolen

Bioteknologiskolen består av 10 filmar med forskjellige innfallsvinklar til bioteknologiske tema. Til saman gir filmane ein grunnleggjande oversikt i emnet og nokre innblikk i den bioteknologiske industrien, som er i stor vekst.
Filmane er fyrst og fremst tenkt for bruk i vidaregåande opplæring, men dei kan også vere nyttige på ungdomstrinnet. Filmane er i tillegg relevante for journalistar og allmenta generelt. Du kan sjå ein film eller alle, i den rekkefølgja du vil. Dei tre første filmane er likevel tenkt som ein første introduksjon til emnet.
For kvar film har vi foreslått arbeidsoppgåver og forslag til vidare lesing. Vi har også inkludert ei læreplananalyse der vi angir kva fag og kompetansemål filmane passar for. For læraren har vi forslag om korleis filmane kan brukast i konkrete undervisningsopplegg.

Bidragsytarar

Filmane er laga i samarbeid med Bioteknologiradet (tidlegare Bioteknologinemnda) og Naturfagsenteret.

Filmane er finansiert av

  • Forsknigsrådet FUGE
  • Fritt Ord
  • Høgskolen i Hedmark/BIOINN
  • Folkehelsesintstiuttet
  • Norad
  • NDLA
  • Norsk Industri

Samarbeidspartnarar

Bioteknologirådet

Naturfagsenteret

This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.