Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$transient_time is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 12

Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$reg_ex is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 13
Kunnskapsfilm - Lyssetting: Intervju ute og inne - Kunnskapsfilm

Lyssetting: Intervju ute og inne

Skal ein gjere eit intervju innandørs og ein ikkje har tilgang på eit stille rom, er det viktig å identifisere moglege støykjelder. Er det til dømes mogleg å slå av vifter og elektriske maskiner i forkant av opptaket?
Den mest grunnleggjande lyssettinga er den som blir kalla tre punkts lyssetting med hovudlys, baklys og fyll-lys. I denne filmen demonstrerar ein tre punkts lyssetting i intervjusituasjonar både inne og ute.

Hovudlyset er sterkast og er det lyset som gjev form. Det skal belyse den eine sida av intervjuobjektet sitt ansikt og rundt halvparten av den andre sida. Baklyset skaper djupne og skil intervjuobjektet frå bakgrunnen. Fyll-lyset er det svakaste lyset. Oppgåva til fyll-lyset er å lyse opp dei mørke partia og kontrollere kontrastane.

Kva gjer ein dersom ein ikkje har filmlampar tilgjengeleg? Då kan ein bruke naturlege lyskjelder, til dømes lyset frå vindauget, ein reflektor og ein heilt vanleg kontorlampe. Dette blir det gjeve eksempel på i filmen.

Oppgåver

  • 1.

    Lag ei illustrasjon der du viser oppsettet av tre punkts lyssetting i ein intervjusituasjon.

  • 2.

    Sett opp ei tre punkts lyssetting for eit intervju de skal gjere innandørs. Eventuelt kan de prøve både med og utan naturleg lys.

  • 3.

    Lag din eigen instruksjonsfilm der du demonstrerer tre av teknikkane eller råda du har sett i denne filmen. Du kan velje å bruke kommentatorstemme, tekstplakatar eller å presentere tema som i ei reportasje.

This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.