Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$transient_time is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 12

Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$reg_ex is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 13
Kunnskapsfilm - Verdien av fisk - Kunnskapsfilm

Verdien av fisk

Denne filmen tek for seg følgjande:

  • Verdikjeder.
  • Reduksjon av svinn.
  • Bruk av bifangsten.
  • Ressursutnytting og produktutvikling.
  • Marin ingrediensindustri og verdiskaping.
  • Den kunnskapsbaserte framtida.

Oppgåver

  • 1.

    Finn ut kva verdiar det er i eksport av sjømat.

  • 2.

    Gje døme på korleis ein prøver å unngå svinn og utnytte biprodukt der du arbeider.

  • 3.

    Korleis ser du på ressursutnyttinga av norsk sjømat?

  • 4.

    Kva argument vil du gi for at norsk fisk bør bearbeidast i Noreg?

  • 5.

    Korleis kan du som sjømatarbeidar påverke verdikjeden?

  • 6.

    Kva tenkjer du om berekraftig utvikling av norsk sjømatproduksjon?

Omgrep

Plussprodukt / Biprodukt: Nok som i utgangspunktet er avfallsstoff frå produksjonen av hovudproduktet, får ein verdi i ubehandla eller behandla form – for eksempel fiskeavfall blir til fiskeolje.

Restråstoff: Det som blir att etter at fisken er sløyd og eventuelt filetert: hovud, mage, tarm, blod, melke/rogn, ryggbein, spore med meir.

Marin ingrediensindustri: Industri som tek vare på og fordeler marint restråstoff som normalt ikkje går til konsumprodukt.

Bioprospektering: Bioprospektering er å utnytte gener og biokjemikalier frå naturen til beste for menneske. Desse kartleggast for å finne ut om dei har effektar som til dømes kan utnyttast i nye medisinar eller til å betre produkt eller prosessar i næringsmiddelindustrien, farmasøytisk eller kjemisk industri.

Læreplan

Sjømathandlarfaget Vg3/opplæring i bedrift

Bransje, bedrift og miljø

  • Drøfte utviklinga og organiseringa av bedrifta og kva rammevilkår og faktorar som kan påverke dei økonomiske resultata.
  • Utføre ressurs- og miljøvennleg handtering av biologisk avfall i tråd med gjeldande regelverk.
  • Gjere greie for rutinar ved utslepp av biologisk materiale og konsekvensane for miljøet.

Sjømathandlarfaget Vg3/opplæring i bedrift

Råstoff og produksjon

  • Behandle og utnytte biprodukt.

Økonomi, sal og marknad

  • Rekne ut produksjonskostnader ut frå reseptar og setje opp ein kalkyle.
This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.