Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$transient_time is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 12

Deprecated: Creation of dynamic property acf_field_vimeo::$reg_ex is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.spirehost.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-v5.php on line 13
Kunnskapsfilm - Færøysk - Kunnskapsfilm

Færøysk

Samanlikna med dei andre nordiske landa er færingar best på språkforståing i Norden. Færøysk kan seiast å stå på eit mellomtrinn mellom sørvestnorsk og islandsk. Færøyene er det minste landet i Norden, men dei har likevel dialekter, i motsetning til Island, som ikkje har det.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Kva forbinder du med færøysk språk? (ord, uttale, skrivemåte)

  • 2.

    Gi eksempel på færøyske ord eller uttrykk du kjenner til.

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Kva har du lært om færøysk språk som du ikkje visste frå før?

  • 2.

    Nemn nokre eksempel på korleis færøysk skil seg frå dansk, norsk og svensk språk.

  • 3.

    Kva grunnar kan det vere til at færøysk språk har halde seg meir uendra enn nabospråkene dansk, norsk og svensk?

  • 4.

    Kva er gøtadansk?

  • 5.

    Kva likskapar og forskjellar er det mellom islandsk språk og færøysk språk?

    Sjå eventuelt også filmen om islandsk språk for å svare på dette spørsmålet.

Læreplan

Norsk, etter 10. trinn

Språk, litteratur og kulturbeherske grammatiske omgrep som beskriver korleis språk er bygd opp.

Norsk Vg1

Språk, litteratur og kulturbeskrive grammatiske særtrekk i norsk og samanlikne med andre språk.

This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.